Nilsbuas historie

Den store sjøbua, som i dag står som Nilsbua på Hellevik kai, er eigd av Hellevik gard (24/1), oppført av Nils Hellevik, eigar av Hellevik gard.

Postkort fra den tida Nilsbua stod i Ura kring 1895
Postkort fra den tida Nilsbua stod i Ura kring 1895

Bua ble først reist i Ura (vika tvers overfor Hellevik kai) kring 1870. Den store sjøbua var då brukt som lagerbygning og brygghus for Hellevik Gard. Gods som kom sjøvegen, vart lossa over i mindre båtar og rodd til lands. Gjølanger vart stoppestad for Fylkesbaatane ruteanløp i 1893. Den første dampskipsekspeditøren var Torgeir N. Hellevik i 1893. 

Bua ble trolig bygd med gjenbruk av materialer, kanskje fra det første våningshuset på Hellevik Gard. Eksempler på gjenbruk er vindauge på sjøsida, der det i Nilsbua framleis står to-ramsvindauge i empirestil med tre ruter i høgda i kvar ramme, som var i bruk frå kring 1800-1850. Anna teikn på gjenbruk er at eindel av materialane er nummererte, slik det var vanleg ved nedtak og gjenbruk av bygningsdeler.

Då Nilsbua vart flytta til Hellevik kai, vart bua utvida for å ha plass til landhandel og bustad for kjøpmannsfamilien i tillegg til lagerrom for landhandel, dampskipsekspedisjon og godslager. Vindaugsplassering vart endra og bua vart gjenreist med vindebu i eine gavlen på sjøsida, medan bua i Ura hadde vindebu i begge gavler.

Biletet under syner Nilsbua etter flytting til Gjølanger kai kring 1905-1910, med ny og gjenbrukstømmer på veggane. 

Levd liv i Nilsbua

I perioden 1921 til midten av 1960 tallet var Nilsbua hjem for kjøpmannsfamilier og andre familier i grenda.

1921 – 1938 Kjøpmannsfamilien Nils og Lydia Børven

Kjøpmannsparet Nils og Lydia Børven budde i Nilsbua fra 1921 - 1938. Nils Børven var født i Norheimsund. Faren omkom i ei arbeidsulykke, så Nils måtte tidleg ut i arbeid. Han starta i lære som baker. Hos Martens i Bergen traff han Lydia Henriette Monsen som arbeidde som kontorist i bakeriet. Dei gifta seg i Johanneskirken i Bergen i 1914 og flytta til Gjølanger i Fjaler i 1921. Der overtok Nils skipsekspedisjonen og Nilsbua. Dattera Hildegard var da 6 år og sønnen Johannes nær 2 år. Barna budde heile oppveksten og ungdomstida på Hellevik og gjekk på Lone skule. Hildegard var 23 år og Johannes var 18 år då familien flyttet videre.  

Nils Børven er hugsa som ein som skapte viktig liv og røre i bygda, og aktiviteter for ungdommen ved at han starta opp ungdomslag som m.a dreiv med bygdeteater. Då han vart omvend til kristen tru slutta han med denne aktiviteten til sorg for ungdommen i bygda. 

Familien flytta vidare til Vanylven kommune på Søre Sunnmøre der dei overtok handelsstedet på Sylte innerst i Vanylvsfjorden i 1938. 

1940 – 1955 Kjøpmannsparet Nils og Laura Lone

Kjøpmannsparet Nils og Laura Lone, budde i NIlsbua frå 1943 til midten på 1950-tallet. Nils tok over skipsekspedisjonen og dreiv landhandelen fra om lag 1940, med Laura Lone som butikkhjelp. Dei gifta seg i 1943 og flytta inn i Nilsbua.  

 
Nils og Laura Lone bryllupsbilde frå 1943, på farsgarden på Lone. Slekta er samla kring brudeparet. Far til Laura Gabriel Lone til venstre bak Laura, mor Anne Lone mellom brudeparet.
Nils og Laura Lone bryllupsbilde frå 1943, på farsgarden på Lone. Slekta er samla kring brudeparet. Far til Laura Gabriel Lone til venstre bak Laura, mor Anne Lone mellom brudeparet.

Nils og Laura var barnlause, men var i fleire perioder fosterforeldre for tyske barn etter krigen. NIls var elektriker og har truleg installert eit av dei elektriske anlegga i bua. Han fekk starta Lone Treindustrier AS som m.a laga møbler til heimen i Nilsbua. Møblane i finstova i 2.etg er laga på Lone. Laura var svært dyktig med handarbeid og har i si levetid hekla og strikka eit stort tal duker, løpere og sengetepper. Laura hadde vevstol ståande i bualageret 2.etg, der ho vov filleryer til huset og truleg finare tekstiler også, som løpere, gardiner og puter. Nilsbua har ei fast utstiling av Laura sine handarbeid.

Paret var svært religiøse og arrangerte mange møter og basarer for omreisande misjonsselskap. Dei dreiv også søndagsskule for grendebarna.

Nils og Laura Lone bygde nytt husvære med butikklokale og postkontor i nærleiken av Nilsbua (i dag Heimtun/Hellevika 17) og flytta dit på slutten av 1950-talet, i 1956/57. 

Heimtun, bustadhuset til Nils og Laura Lone, med butikk- og postkontorlokale.
Heimtun, bustadhuset til Nils og Laura Lone, med butikk- og postkontorlokale.

1950-60 talet - utleige som husvære og næringlokale

Landhandelen i Nilsbua var open under krigen og det var fleire som delte på Nilsbua som husvære og næringslokale under og etter andre verdskrig. M.a var der urmakerverksted og -butikk, skomakerverksted og skipsekspedisjon. 

Den siste familien flytta fra Nilsbua på 1960 talet. Fylkesbaatane hadde rutestopp på Gjølanger til 1972, med venterom i NIlsbua.  

Deretter stod Nilsbua utan vedlikehald i kring fem tiår til restaurering og ny aktivitet i bua starta i 2015/16.