Prosjekt

Nilsbua er ei sjøbu og handelsbu i bindingsverk som står på dampskipskaia på Hellevik i Fjaler. Bua har ei grunnflate på 7,52 x 15,75 m, målt utvendig kledning. Bua er i 1 ½ høgd, dvs. at det er noko skråtak i romma oppe. I vestgavl mot sjøen har den vindehus og vinde. I 1. høgda var landhandel, lager for butikken og godslager, isrom, dampskipsekspedisjon, og bustaddel med kvardagsstove, kjøkken og gang. I 2. høgda hadde kjøpmannsfamilien finstove, eit større soverom og 2 skråkammers, stort lagerrom med vinde, lite bøttetoalett, gang og kott. Bua har trapp til 2. høgda både i bustaddel og godslager på sjøsida.

Bua har ei pultark mot sør, og på denne sida er det også bygt på eit lite tilbygg (skut), som i dag huser servicefunksjoner for dagens drift (serveringskjøkken og brenntoalett).Nilsbua har lappskifer (truleg Voss) 12 x 18'' på tro på taket, og er kledd med liggande, enkeltfalsa 7'' staffkledning, med unnatak av sør langside, som har tømmermannspanel med smale overliggarar. 

Bindingsverket er i stor grad tredd (hogt med øks), og her er fleire merke etter gjenbruk: Tapphol i sviller, svalehalar etter bjelkar og nummerering. Så er det lagt til ein del nye element då bua vart reist her. Vi finn både sirkelsag- og oppgangssagskorne materialar i bua.

Dei viktigaste skadene, frå før det første sikringsprosjektet starta i 2016/17 var:

  • Hol og lekkasjer rundt begge skorsteinane, og her var sperr, tro mm råteskada
  • Hol og lekkasjer langs yste sperra i begge gavlar, med råteskader som følgje. I vestgavl hadde lekkasjene skada sviller, bjelkar og stenderar nedover i reisverket for veggen. Bua stod i fare for å sige overende.
  • Hol og lekkasjer ved sløysene mot arkja, med råteskader ned gjennom bygningen som følgje
  • I skuten har det vore taklekkasjer også, og minst 6 av 10 sperr, topp- og botnsvill, nokre av stenderane og ein del av troet var råteskada og måtte fjernast og erstattast
  • Takrennene (berre på Ø) var rusta hol i overalt og er skifta ut
  • Dei 2 skorsteinane er (framleis) sprukne og manglar stein i toppen.
  • Kledningen var utsliten og delvis råteskada på vestre gavl og sør langside. På nord- og østside var den utsliten og råteskada nedst på veggen, medan kledning oppe var bra
  • Terrenget hadde vakse opp og ført til råteskade i botnsvilla langs begge gavlane og østre del av nordre langside. Her var også ein råteskade midt på søre langside
  • Svært mange ruter var knuste i vindauga, her er att 18 heile. 18 vindusrammer hadde råteskader. 14 vindusrammer hadde ikkje råteskader, men mangla kitt og/eller rute. 9 vinduskarmar hadde råteskader
  • Det var store råteskader nedst i inngangsdørene til butikk og husvære på nordre langside. Dei 2 doble buadørene i vestre gavl var råteskada

Vinter 2015 var tilstanden på Nilsbua så dårleg at både fagfolk og eldsjeler var sikre på at bua ikkje ville tole å stå ein vinter til, utan redningsinnsats. Bua luta mot sjøen, det var tydeleg sig i reisverket på endeveggen på sjøsida.

Kulturminnemidler frå Fjaler kommune og Vestland fylke, midler frå Kulturminnefondet, Fortidsminneforeningen, Sparebankstiftinga i Fjaler og Vinn vind midler frå Lutelandet energipark har gjort det mogleg å iverksette sikringstiltak, restaurering og å bevare sjøbua for komande generasjoner. Foreninga og grenda er svært takksame for bidraga til å ta vare på eit viktig kulturminne og ein viktig møteplass både før og no.

Den antikvariske istandsettinga er utført av erfarne snikkar og båtbyggar Ove Losnegård og handverkarane hans, Torbjørn Espedal, Asle Espeseth, og Siri Helle.  

Nilsbua tilstand før istandsetting kring 2015
Nilsbua tilstand før istandsetting kring 2015

Eit tiår med bygningsvern - restaureringsprosjekt

Nilsbua er verna for generasjoner framover gjennom ei omfattande restaurering:

Istandsettingsprosjekt 2016 - 2026:

  • Sikringsprosjekt 1 - reisverk i endevegg mot sjø og tetting av tak
  • Sikringsprosjekt 2 Yttervegger, vindauge og dører
  • Skuten utvendig (kledning, labankdører og vindauge)
  • Bualoft golv og rekkverk
  • Tilbakeføring av kaimiljø (antikvarisk fendring med stokker, smidde pullerter, leider til sjønivå)
Eksempel på arrangement i Nilsbua
Eksempel på arrangement i Nilsbua

Prosjekt for kulturminnedrift og tryggleik

Prosjekt i perioden 2016 - 2026:

  • Straum inn til Nilsbua (straumsskap ute og sikringsskap i landhandel)

  • Skuten servicefunksjoner (serveringskjøkken og brenntoalett) 
  • Elektrisk anlegg i Nilsbua 1. og 2.etg
  • Utstyr til arrangement og formidling (steamer, kjøleskap, servise og bestikk, prosjektor og lerret)  
  • Innlegging av vatn i Nilsbua
  • Formidling av Nilsbua historie og istandsetting


Staselege Nilsbua 2025 etter istandsetting
Staselege Nilsbua 2025 etter istandsetting

Planlagde prosjekt for å utvide driftssesong i Nilsbua 

Planlagde prosjekt 2027/28:

  • 2027/28: Sikring/utbetring av pipeløp og tetting av lekkasje i tak og trekkfulle deler av buavegger. Innsetting av glass skyvedør 1.etg, og stort vindu i vindedøråpning på bualoft, for å få inn lys, utsikt og solvarme. Tretrammer ved buadører på nord- og vestside.

    2029 og videre: Restaurering av ovner og vedkomfyr. På sikt blir opparbeiding av uteareal på sørside av bua og utlegging av flytebrygge vurdert.

  • Tiltaka vil gjere det mogleg å utvide opningstid til større deler av året. 

    Prosjekta er avhengige av at finansiering kjem på plass

Handverkar Torbjørn Espedal øverst og kurs i vindauge restaurering nederst
Handverkar Torbjørn Espedal øverst og kurs i vindauge restaurering nederst
Kaimiljø ved Nilsbua kring 1950
Kaimiljø ved Nilsbua kring 1950