Om oss
Kystkulturminnet Nilsbua er driven av den ideelle foreninga Vener av Nilsbua, som vart stifta i 2020.
Styreleiar i foreninga og dagleg leiar for drift er Tone Nitter-Lone Undertun. Foreninga søker å ha ei blanding av lokale og tilreisande sommarvertar i alle aldre.
Har du lyst til å vere med i mannskapsgjengen i Nilsbua, er det berre å ta kontakt. Vi har plass til mange fleire.
Historieformidling og kunnskapsdeling gjennom foredrag og kurs er ein viktig del av kulturminnedrifta. Vi har tradisjonsmat på kysten på menyen og fast utstilling av tradisjonshandverk av ulike slag, der vi viser og besøkande kan prøve eller lære ulike handverksteknikker.

Kystkulturminnet Nilsbua er eit levande kystkultur visningssenter i sjøbu frå 1870 med landhandel med kafé, skipsekspedisjon, museum og kurs-/utstillingslokale. Her tek vi vare på og formidlar lokal kystkulturarv gjennom utstillingar, formidling og arrangement.
Opningstider per 2026:
Nilsbua er open på vekedagar og i helger i perioden april tom august. Opningstider og arrangement vert annonsert på webside og i SOME. Opningstid i 2026 sesong: Ons tom søn 12-17. Man og tirs lukka
Arrangement desember 2026: Vi har vårt årelege nostalgiske Julemarknad søndag 13.12.26 kl 12-15. (Ta kontakt om du ynskjer å ha stand - stand er gratis).

Om kystkulturminnet Nilsbua
Kystkulturminne Nilsbua er ein levande møtestad der kysthistoria får nytt liv gjennom aktiviteter i sjøbua med landhandel, kafé, museum og utstillingslokale. Her formidlar vi den rike kystkulturarven gjennom autentiske miljø, historiske gjenstandar og skiftande utstillingar. Vi legg vekt på å ta vare på den lokale historia, samstundes som vi gir rom for samtidskunstnarar og kulturuttrykk som knyter fortid og notid saman.
Kystkulturminnet Nilsbua er drifta av den ideelle foreninga Vener av Nilsbua, som eit lokalt kulturhus, og visningssenter for kystkultur og lokale destinasjoner. Foreninga har ei langsiktig bruksavtale med eigar av Nilsbua og Hellevik Gard, Brit Salbu. Inntekter frå drift tilfell foreninga, som og har ansvar for løpande vedlikehald. Foreninga har vedtaksfesta at Nilsbua skal vere eit alment tilgjengeleg kulturminne og driftast slik at det kan genererast inntekter til aktivitetar og dekning av utgifter og løpande vedlikehald.
Det har i all restaurering vore eit mål å behalde så mykje som mogleg av den opprinnelege bygningen slik at bygget kan fungere som ein autentisk representant for kystkulturen. Det er etablert ei fast museumsutstilling med gjenstander frå bua og tidsriktig innreiing. Vener av Nilsbua har i tillegg ulike tidsavgrensa tematiske utstillinger som syner sider ved livet på kysten i Fjaler.
Vener av Nilsbua ynskjer å ha aktivitet i bua så mykje av året som mogleg. Det vil også vere gunstig for huset bygnadsmessig. Mest realistisk per no er å ha drift i sommarhalvåret. Med istandsette piper kan vedfyring verte mogleg i deler av bua og utvide brukssesongen på sikt.
Det skal vere lys og liv i den gamle bua, slik Nilsbua tidlegare var ein sentral møteplass for eit yrande bygdeliv.
Kystkultur, tradisjonsmat og tradisjonshandverk på kysten er faste hovudtema i formidling, utstillinger og i kafe- og landhandeldrift.